KVEDARKVINTETTEN
Silje Risdal Liahagen (vokal)
Tonje Risdal Liahagen (vokal)
Sina Myhr (vokal, langeleik)
Margit Myhr (vokal, lyre)
Helga Myhr (vokal, hardingfele)
Under Førdefestivalen 2021 hadde Kvedarkvintetten urframføring av verket, Tagal, skrive av Jorun Marie Kvernberg. Tagal kan omsetjast til å teie still, vere taus eller ordlaus, og verket utfordrar rammene for vokalmusikk ved at tekstelementa er så godt som fråverande. Å 'låte på kjafte', altså å synge instrumentallåttar, er ei grein innanfor den tradisjonelle folkesongen. Kvedarkvintetten har dei siste åra særleg gått i djupna på låttetralling. Med improvisasjon i eit ordlaust språk set dei saman småstavingar og finn fram til dei lydane som kan etterlikne t.d. felespelet best, i form av rytme og frasering. Dette er eit personleg og individuelt språk som kvar enkelt utøvar utviklar og er åleine om, og det er såleis unikt for Kvedarkvintetten å finne eitt felles trallespråk for fem stemmer.
Kvedarkvintetten er ei vokalgruppe som syng folkesongar frå Hallingdal, ofte heilt a capella i fleirstemte arrangement. Alle fem songarane kjem frå Torpo i Hallingdal. Gruppa har opptredd på ei rekkje scener og festivalar i inn- og utland. Fyrste plata Kvedarkvintetten kom i februar 2016. I 2017 kom deira andre plate Julesong på plateselskapet Heilo, der samarbeida dei med produsent Frida Ånnevik og musikarane Geir Sundstøl, Hans Hulbækmo og Fredrik Luhr Dietrichson.
"Klangen av Kvedarkvintetten er som en iskald kveld ute med lett snø i luften. Lydene er klare og friske. Ofte er stemningen sakral, noen ganger bare melankolsk. Musikken er ikke vanskelig å forstå, den treffer en nerve uansett hva du har lyttet til fra før."
- Kjetil Asdal Bjørgan, Klassekampen
“…Musikerne, som flyter sømløst inn og ut av lydbildet, gir låtene ekstra fylde der det trengs, uten å stjele oppmerksomheten fra tekst og melodi. Balansen mellom det enkle og mer komplekse gjør også at albumet oppleves høytidelig og hverdagslig på samme tid.”
- Per Christian Rolin, Trønderavisa
Listen
Facebook
Film by Sigurd Ytre-Arne